Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 14

1 Til songmeisteren; av David. Dåren segjer i sitt hjarta: «Det er ingen Gud til.» Vond og styggjeleg er deira gjerning; det er ingen som gjer godt.

2 Herren skodar ned frå himmelen på menneskjeborni og vil sjå um der er nokon vitug, nokon som søkjer Gud.

3 Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det er ingen som gjer godt, det finst ikkje ein einaste.

4 Veit dei då ikkje, alle dei som gjer urett? Dei et upp mitt folk, liksom dei et brød; på Herren kallar dei ikkje.

5 Der vert dei storleg rædde; for Gud er hjå den rettferdige ætt.

6 Den arme manns råd må de gjerne gjera til skammar; for Herren er hans tilhygge.

7 Å, gjev frelsa frå Sion må koma yver Israel! Når Herren vender sitt folks vanlukka, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.

Continuar Lendo