Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 20

1 Til songmeisteren; ein salme av David.

2 Herren bønhøyre deg på trengselsdagen, namnet åt Jakobs Gud berge deg!

3 Gjev han må senda deg hjelp frå heilagdomen og stydja deg frå Sion!

4 Gjev han må minnast alle dine grjonoffer og finna ditt brennoffer godt! Sela.

5 Han gjeve deg etter ditt hjarta og fullføre alle dine råder!

6 Me vil fagna oss ved di frelsa og i vår Guds namn lyfta sigermerket. Herren uppfylle alle dine bøner!

7 No veit eg at Herren frelser den han salva; han svarar honom frå sin heilage himmel med frelsande storverk av si høgre hand.

8 Desse prisar vogner, og hine prisar hestar, men me prisar namnet åt Herren, vår Gud.

9 Dei sig i kne og fell, men me stend og held oss uppe. Herre, frels kongen! Han svare oss den dag me ropar!

Continuar Lendo