Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 21

1 Til songmeisteren; ein salme av David.

2 Herre! Kongen gled seg yver di magt, og kor høgt han fagnar seg yver di frelsa!

3 Det hans hjarta ynskte, hev du gjeve honom og ikkje neitta honom det hans lippor bad um. Sela.

4 For du kom honom til møtes med velsigning av gode ting; du sette ei kruna av gull på hans hovud.

5 Han bad deg um liv, du gav honom det, eit langt liv æveleg og alltid.

6 Stor er hans æra ved di frelsa; høgd og heider legg du på honom.

7 For du set honom til velsigning for alle tider, du hugnar honom med gleda for di åsyn.

8 For kongen set si lit til Herren, og ved miskunn frå den Høgste skal han ikkje verta rikka.

9 Di hand skal finna alle dine fiendar, di høgre hand skal finna deim som hatar deg.

10 Du skal gjera deim som ein gloande omn, når du viser di åsyn; Herren skal rydja deim ut i sin vreide, og eld fortæra deim.

11 Deira frukt skal du rydja ut av jordi og deira avkoma millom menneskjeborni.

12 For dei stila på vondt imot deg, dei lagde upp meinråder; dei kann ingen ting.

13 For du skal få deim til å snu ryggen til, med dine bogestrengjer sigtar du på deira andlit. Reis deg, Herre, i di magt! So vil me lovsyngja og prisa ditt velde.

Continuar Lendo