Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 24

1 Av David, ein salme. Jordi høyrer Herren til – og alt det som fyller henne, jordriket og dei som bur i det.

2 For han hev grunnlagt henne på havi og grunnfest henne på strøymande vatn.

3 Kven skal stiga upp på Herrens fjell, og kven skal standa på hans heilage stad?

4 Den som hev skuldlause hender og reint hjarta, som ikkje hev vendt sin hug til lygn og ikkje svore med svik.

5 Han skal bera velsigning med frå Herren og rettferd frå Gud, sin frelsar.

6 Dette er deira ætt som spør etter honom, dei som søkjer di åsyn, Jakobs born. Sela.

7 De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn!

8 Kven er kongen den herlege? Herren sterk og veldug, Herren veldug i strid.

9 De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn!

10 Kven er då kongen den herlege? Herren, allhers drott; han er kongen den herlege. Sela.

Continuar Lendo