Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 26

1 Av David. Søm meg til min rett, Herre! for eg hev fare fram i mi uskyld, og til Herren hev eg sett mi lit uruggeleg.

2 Prøv meg, Herre, og freista meg, ransaka mine nyro og mitt hjarta!

3 For din nåde er for mine augo, og eg ferdast i di sanning.

4 Eg sit ikkje saman med falske menner og gjeng ikkje inn hjå fule folk.

5 Eg hatar samkoma av illmenne, og hjå dei ugudlege sit eg ikkje.

6 Eg tvær mine hender i uskyld og vil gjerne ferdast um ditt altar, Herre,

7 til å kveda lydt med lovsongs røyst og fortelja um alle dine under.

8 Herre, eg elskar di husvist og den stad der din herlegdom bur.

9 Rykk ikkje mi sjæl burt med syndarar eller mitt liv med blodgiruge menner,

10 som hev skamgjerd i sine hender og si høgre hand full av mutor.

11 Men eg fer fram i mi uskyld; løys meg ut og ver meg nådig!

12 Min fot stend på slettlende. I samlingarne skal eg lova Herren.

Continuar Lendo