Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 34

1 Av David, då han gjorde seg galen hjå Abimelek, so han jaga honom av, og han gjekk burt.

2 Eg vil lova Herren alle tider, hans pris skal stendigt vera i min munn.

3 Mi sjæl skal rosa seg av Herren; dei spaklyndte skal høyra det og gleda seg.

4 Lova Herren storleg med meg, og lat oss saman upphøgja hans namn!

5 Eg søkte Herren, og han svara meg og fria meg frå alle mine rædslor.

6 Dei som skoda upp til honom, lyste av gleda, og deira andlit turvte aldri blygjast.

7 Her er ein arming som ropa, og Herren høyrde og frelste honom frå alle hans trengslor.

8 Herrens englar lægrar seg rundt ikring deim som ottast honom, og han friar deim ut.

9 Smaka og sjå at Herren er god! Sæl er den mann som flyr til honom.

10 Ottast Herren, de hans heilage, for inkje vantar dei som ottast honom.

11 Unge løvor lid naud og svelt, men dei som søkjer Herren, deim vantar det inkje godt.

12 Kom born, høyr meg! Eg vil læra dykk otte for Herren.

13 Kven er den mann som hev lyst til liv, som ynskjer seg dagar til å sjå lukka?

14 Vakta di tunga frå det som vondt er, og lippor for svikfull tale!

15 Vik burt frå det vonde og gjer det gode, søk fred og far etter honom!

16 Herrens augo er vende til dei rettferdige, og hans øyro til deira rop.

17 Herrens åsyn er imot deim som gjer vondt, til å rydja ut deira minne frå jordi.

18 Hine ropar, og Herren høyrer og friar deim ut or alle deira trengslor.

19 Herren er nær hjå deim som hev eit sundbrote hjarta, og frelser deim som hev ei hugsprengd ånd.

20 Mange ulukkor kjem yver den rettferdige, men Herren friar honom ut or deim alle.

21 Herren tek vare på alle hans bein, ikkje eitt av deim vert brote.

22 Ulukka drep den ugudlege, og dei som hatar den rettferdige, vert saka. Herren løyser ut deira sjæl som tener honom, og av dei som flyr til honom, vert ingen saka.

Continuar Lendo