Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 36

1 Til songmeisteren; av Herrens tenar David.

2 Dei ord som syndi gjev den ugudlege inn, kjenner eg i mitt inste hjarta. Ingen ræddhug for Gud er det for hans augo.

3 For ein høler honom i augo ved å finna hans synd, ved å hata honom.

4 Ordi i hans munn er urett og svik; han hev halde upp å fara visleg åt, å gjera godt.

5 Han tenkjer upp urett på sitt lægje; han stig ut på ein veg som ikkje er god; han styggjest ikkje frå det vonde.

6 Herre, til himmelen når di miskunn, din truskap upp til dei høge skyer.

7 Di rettferd er som Guds fjellhøgder, dine domar er ei stort havdjup; menneskje og dyr frelser du, Herre!

8 Kor dyrverdig er di miskunn, Gud! Og menneskjeborni flyr inn i skuggen av dine vengjer.

9 Dei vert mette til fullnad av det feite i ditt hus, og av din yverflødande fagnad gjev du deim å drikka.

10 For hjå deg er livsens kjelda, i ditt ljos ser me ljos.

11 Lat di miskunn vara lenge for deim som kjenner deg, og di rettferd for dei trurøkne i hjarta!

12 Lat ikkje ovmods fot koma yver meg, og hand av ugudlege ikkje jaga meg burt! Der fell dei som gjer urett; dei vert støytte ned og kann ikkje standa upp.

Continuar Lendo