Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 37

1 Av David. Vreidskast ikkje yver illgjerningsmennerne, harmast ikkje yver deim som gjer urett!

2 For liksom gras vert dei brått avskorne, og som grøne urter visnar dei burt.

3 Lit på Herren og gjer det gode, bu i landet og legg vinn på truskap!

4 Og hugnast i Herren, so skal han gjeva deg det som ditt hjarta ynskjer.

5 Gjev Herren din veg i vald, og lit på honom! Han skal gjera det;

6 og han skal lata di rettferd ganga fram som ljoset, og din rett som middagsklåren.

7 Ver still for Herren og stunda på honom! Vreidast ikkje yver den som hev lukka på sin veg, den mannen som legg upp meinråd!

8 Haldt deg frå vreide, lat harm fara, vreidast ikkje, det er berre til å gjera ilt!

9 For illgjerningsmenner skal verta utrudde, men dei som ventar på Herren, dei skal erva landet.

10 Og um ei liti stund er den ugudlege ikkje til, og legg du merke til hans stad, so er han der ikkje.

11 Men dei spaklyndte skal erva landet og hugnast ved mykjen fred.

12 Den ugudlege tenkjer upp vondt imot den rettferdige og skjer tenner imot honom.

13 Herren lær åt honom; for han ser at hans dag kjem.

14 Dei ugudlege dreg sverdet og spenner sin boge til å fella den arme og fatige og myrda deim som fer ærleg fram.

15 Deira sverd skal ganga inn i deira eige hjarta, og deira bogar verta brotne sund.

16 Betre er det vesle den rettferdige hev, enn mykje gods hjå mange ugudlege.

17 For armarne vert brotne på dei ugudlege, men Herren styd dei rettferdige.

18 Herren kjenner dei dagar dei ulastande skal liva, og deira arv skal vara til æveleg tid.

19 Dei skal ikkje verta til skammar i den vonde tid, og i hungers dagar skal dei verta mette.

20 For dei ugudlege skal ganga til grunnar, og Herrens fiendar som blomeskrud på engjar; dei kverv som røyk, kverv burt.

21 Den ugudlege låner og gjev ikkje att, men den rettferdige gjer miskunn og gjev.

22 For dei han velsignar, skal erva landet; men dei han forbannar, skal verta utrudde.

23 Herren gjer ein manns steg faste, og han hev hugnad i hans veg.

24 Når han fell, vert han ikkje støypt til marki; for Herren styd hans hand.

25 Eg hev vore ung og vorte gamall, men aldri hev eg set den rettferdige forlaten eller hans born beda um brød.

26 Heile dagen gjer han miskunn og låner ut, og hans born vert velsigna.

27 Vik frå det vonde og gjer det gode, so vert du æveleg buande i landet.

28 For Herren elskar rett og forlet ikkje sine trugne; til æveleg tid vert dei haldne uppe; men avkjøme av ugudlege vert utrudt.

29 Dei rettferdige skal erva landet og bu i det til æveleg tid.

30 Rettferdig manns munn andar visdom, og hans tunga taler det som rett er.

31 Hans Guds lov er i hans hjarta, hans stig er ikkje ustøde.

32 Dei ugudlege lurer på den rettferdige og søkjer å drepa honom.

33 Herren yvergjev honom ikkje i hans hand og fordømer honom ikkje, når han vert dømd.

34 Venta på Herren og haldt deg på hans veg! so skal han upphøgja deg til å erva landet; du skal sjå på at dei ugudlege vert utrudde.

35 Eg såg ein ugudleg ovrikjen mann, og han breidde seg ut som eit heimevakse tre med sitt grøne lauv.

36 Men han gjekk burt, og sjå, han var ikkje meir, og eg leita etter honom, men han vart ikkje funnen.

37 Merk deg den ulastande mann, og sjå på den rett-tenkte, at freds mann hev ei framtid.

38 Men dei fråfalne vert alle saman utøydde, framtidi vert avskori for dei ugudlege.

39 Og frelsa for dei rettferdige kjem frå Herren, deira sterke vern i trengsels tid.

40 Og Herren hjelper deim og friar deim ut, han friar deim frå dei ugudlege og frelser deim, for dei flyr til honom.

Continuar Lendo