Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 46

1 Til songmeisteren; av Korahs born, etter Alamot; ein song.

2 Gud er mi hyggja og vår styrke, fullvel røynd i trengslor.

3 Difor ottast me ikkje, um so jordi vert umskift, og um fjelli ragar hjarta av storhavet,

4 um havbårorne dyn og skumar, og fjelli skjelv for deira ofse. Sela.

5 Der er ei å, hennar bekkjer gled Guds by, den heilage stad der den Høgste bur.

6 Gud er midt i honom, so han skal ikkje rugga; Gud hjelper honom i morgonlysingi.

7 Folkeslag rasa, rike vart rikka, han let si røyst ljoda, jordi bråna.

8 Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.

9 Kom og sjå Herrens storverk, som gjer øydeleggjingar på jordi.

10 Han gjer ende på herferder yver all jordi, bryt bogen sund og høgg spjotet av; stridsvognerne brenner han upp i eld.

11 «Haldt upp og kjenn at eg er Gud! Eg er upphøgd millom folki, upphøgd på jordi.» Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.

Continuar Lendo