Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 50

1 Ein salme av Asaf. Gud, Gud Herren talar og kallar på jordi frå solekoma til soleglad.

2 Frå Sion, fagerleiks kruna, strålar Gud fram.

3 Vår Gud kjem og skal ikkje tegja. For hans åsyn gjeng etande eld, og ikring honom stormar det sterkt.

4 Han kallar på himmelen ovantil og på jordi til å døma sitt folk.

5 «Samla til meg mine trugne, som hev gjort pakt med meg um offer!»

6 Og himlarne forkynner hans rettferd; for Gud er den som skal halda dom. Sela.

7 «Høyr, mitt folk, eg vil tala; Israel, eg vil vitna imot deg; Gud, din Gud er eg.

8 Ikkje for dine offer vil eg lasta deg; dine brennoffer er alltid framfyre meg.

9 Eg vil ikkje taka uksar frå ditt hus eller bukkar frå dine grindar.

10 For meg høyrer alle dyr i skogen til, fe på fjelli i tusundtal.

11 Eg kjenner alle fuglar på fjelli, og det som rører seg på marki, er meg for augo.

12 Um eg var hungrig, vilde eg ikkje segja det til deg; for meg høyrer jordriket til med alt det som fyller det.

13 Skulde eg eta kjøt av stutar og drikka blod av bukkar?

14 Ofra lov og takk til Gud og gjev den Høgste det du hev lova,

15 og kalla på meg den dag du er i naud, so vil eg frelsa deg ut, og du skal prisa meg.»

16 Men til den ugudlege segjer Gud: «Kva hev du med å fortelja um mine lover og taka mi pakt i din munn,

17 etter di du hatar tukt og kastar mine ord attum deg?

18 Når du ser ein tjuv, er du gjerne med honom, og med horkarar er du i lag.

19 Din munn slepper du laus til vondt, og di tunga spinn i hop svik.

20 Du sit og talar imot bror din, set ein skamflekk på son til mor di.

21 Dette gjorde du, og eg tagde; so tenkte du eg var liksom du sjølv; men eg vil yvertyda deg og leggja det fram for deg.

22 Gjev gaum etter dette, de som gløymer Gud, so eg ikkje skal riva burt, og ingen frelser.

23 Den som ofrar meg takk, han ærar meg, og den som gjeng den rette veg, honom vil eg lata sjå Guds frelsa!»

Continuar Lendo