Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 52

1 Til songmeisteren; ein salme til lærdom av David,

2 då edomiten Doeg kom og fortalde Saul og sagde til honom: «David er komen i Ahimeleks hus.»

3 Kvi rosar du deg av vondskap, du velduge? Guds nåde varer all dagen.

4 De tunga stilar du på tyning liksom ein kvest rakekniv, du som legg upp svikråd.

5 Du elskar det vonde framfor det gode, lygn framfor å tala sant. Sela.

6 Du elskar alle drepande ord, du svikfulle tunga!

7 So skal og Gud riva deg ned for alltid; han skal gripa deg og rykkja deg upp frå tjeldet og rydja deg ut or livsens land. Sela.

8 Og dei rettferdige skal sjå det og ottast, og dei skal læ åt honom og segja:

9 «Sjå der den mann som ikkje heldt Gud for si vern, men sette si lit til sin store rikdom og sette sin styrke i sin vondskap.» Men eg er som eit grønt oljetre i Guds hus; eg set mi lit til Guds nåde æveleg og alltid. Eg vil lova deg til æveleg tid, for du hev gjort det, og eg vil vona på ditt namn, for det er godt, for augo på dine trugne.

Continuar Lendo