Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 54

1 Til songmeisteren, med strengleik; ein song til lærdom av David,

2 då zifitarne kom og sagde til Saul: «David held seg løynd hjå oss.»

3 Gud, frels meg ved ditt namn, og døm meg til min rett ved di kraft!

4 Gud, høyr mi bøn, vend øyra til ordi frå min munn!

5 For framande stend upp imot meg, og valdsmenner stend meg etter livet; dei hev ikkje Gud for augo. Sela.

6 Sjå, Gud hjelper meg, Herren er den som held uppe mi sjæl.

7 Det vonde skal falla tilbake på deim som lurar på meg; gjer deim til inkjes i din truskap! Med viljugt hjarta vil eg ofra til deg; ditt namn vil eg prisa, Herre, for det er godt. For det friar meg ut or all naud, og på mine fiendar ser mitt auga med lyst.

Continuar Lendo