Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 58

1 Til songmeisteren; «tyn ikkje»; av David, ein miktam.

2 Tru de verkeleg med dykkar målløysa talar det som er rettferd? Og dømer de rett, de menneskjeborn?

3 Nei, i hjarta lagar de til misgjerningar, i landet veg de ut vald som kjem frå dykkar hender.

4 Dei ugudlege gjeng på avveg alt frå morsfang, ljugarane fer vilt alt frå morsliv.

5 Eiter hev dei som orme-eiter, dei er som ein dauv orm, som dytter øyra til,

6 so han ikkje høyrer på røysti åt tauvrekallen, han som vel kann trolla.

7 Gud, slå inn tennerne i munnen deira, Herre, støyt sund jakslarne på dei unge løvor!

8 Lat deim kverva som burtrennande vatn! Legg nokon sine piler i bogen, so lat deim vera som utan odd!

9 Lat deim vera som ein snigel, som løyser seg upp medan han gjeng, og liksom ei kvinna sitt ufullborne foster som ikkje hev set soli.

10 Fyrr dykkar grytor fær kjenna klungerriset, skal han blåsa det burt, både det friske og det som brenn.

11 Den rettferdige skal gleda seg, av di han ser hemn; han skal två sine føter i blodet av den ugudlege. Og folk skal segja: «Det finst då frukt for den rettferdige; der er då ein Gud som dømer på jordi.»

Continuar Lendo