Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 62

1 Til songmeisteren, for Jedutun; ein salme av David.

2 Einast hjå Gud er mi sjæl still, frå honom kjem mi frelsa.

3 Einast han er mitt fjell og mi frelsa, han er mi borg, dei skal ikkje rikka meg mykje.

4 Kor lenge vil de alle storma inn på ein mann, brjota honom ned som ein hallande mur, ein nedrapa vegg?

5 Dei samråder seg berre um å støypa honom ned frå hans høgd. Dei likar lygn. Med munnen velsignar dei, men i hjarta bannar dei. Sela.

6 Einast hjå Gud ver still, mi sjæl, for frå honom kjem mi von.

7 Einast han er mitt fjell og mi frelsa, mi borg, dei skal ikkje rikka meg.

8 Hjå Gud er mi frelsa og mi æra; mitt sterke fjell, mi livd er i Gud.

9 Lit på honom all tid, folk, renn dykkar hjarta ut for hans åsyn! Gud er livd for oss. Sela.

10 Berre fåfengd er menneskjesøner, lygn er mannesøner. I vegtskåli stig dei upp – lettare enn fåfengd alle saman.

11 Lit ikkje på vald, og set ikkje fåfengd von til ran! Når buet veks, fest ikkje hjarta ved det!

12 Ein gong hev Gud sagt, tvo gonger hev eg høyrt dette, at styrke høyrer Gud til. Og hjå deg, Herre, er miskunn, for du gjev kvar ein etter hans gjerning.

Continuar Lendo