Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 63

1 Ein salme av David, då han var i Juda øydemark.

2 Gud, du er min Gud, eg søkjer deg tidleg; mi sjæl tyrster etter deg, mitt kjøt lengtar etter deg i eit turt land som ligg i vanmagt utan vatn.

3 Soleis hev eg set etter deg i heilagdomen til å sjå di kraft og di æra.

4 For di miskunn er betre enn livet, mine lippor skal prisa deg.

5 Soleis vil eg lova deg so lenge eg liver, i ditt namn vil eg lyfta upp mine hender.

6 Som av merg og feitt skal mi sjæl verta mett, og med lovsyngjande lippor skal min munn prisa deg.

7 Når eg kjem deg i hug på mitt lægje, tenkjer eg på deg i nattevakterne.

8 For du hev vore hjelp for meg, i skuggen av dine vengjer kann eg fegnast.

9 Mi sjæl heng fast ved deg; di høgre hand held meg uppe.

10 Men dei som stend meg etter livet og vil tyna det, dei skal koma til dei nedste djup i jordi.

11 Dei skal verta yvergjevne til sverdmagt, verta til ran for revar. Men kongen skal gleda seg i Gud; kvar den som sver ved honom, skal prisa seg sæl, for ljugararne skal verta målbundne.

Continuar Lendo