Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 69

1 Til songmeisteren, etter «Liljor»; av David.

2 Frels meg, Gud! for vatni trengjer seg inn på livet.

3 Eg er sokken ned i det djupe dike der det inkje fotfeste er, eg er komen ut i ovdjupe vatn, og flodi fløymer yver meg.

4 Eg er trøytt av mi roping, det brenn i min strupe, mine augo er upptærde, med di eg ventar på min Gud.

5 Fleire enn håri på mitt hovud er dei som hatar meg utan orsak, mange er dei som vil meg tyna meg, som utan grunn er mine fiendar; det eg ikkje hev rana, skal eg no gjeva attende.

6 Gud, du kjenner min dårskap, og all mi syndeskuld er ikkje løynd for deg.

7 Lat deim ved meg ikkje verta til skammar, dei som ventar på deg, Herre, Herre, allhers drott! Lat deim ikkje ved meg verta skjemde, dei som søkjer deg, Israels Gud!

8 For di skuld ber eg hæding, skjemsla ligg yver mitt andlit.

9 Eg hev vorte framand hjå brørne mine, og ein utlending hjå borni til mor mi.

10 For brennhug for ditt hus hev ete meg upp, og deira spottord som spottar deg, hev falle på meg.

11 Då mi sjæl græt medan eg fasta, vart eg spotta for det.

12 Då eg laga ein sekk til klædde for meg, vart eg eit ordtøke for deim.

13 Dei som sit i porten, røder um meg, og drikkarane syng um meg.

14 Men eg kjem med mi bøn til deg, Herre, i nådetidi, Gud, for di store miskunn; svara meg med di trufaste hjelp!

15 Fria meg ut or søyla, og lat meg ikkje søkka! Lat meg verta utfria frå deim som hatar meg og frå dei djupe vatni!

16 Lat ikkje vatsflodi fløyma yver meg, og ikkje djupet svelgja meg, og heller ikkje brunnen lata att sitt gap yver meg!

17 Svara meg, Herre, for din nåde er god, etter di store miskunn vend deg til meg!

18 Og løyn ikkje di åsyn for tenaren din, for eg er i naud; svara meg snart!

19 Kom nær til mi sjæl, løys henne ut! Frels meg for mine fiendar skuld!

20 Du kjenner mi spott og skam og vanæra, for di åsyn stend alle dei som trengjer meg.

21 Spottord hev brote mitt hjarta sund, so eg er sjuk; eg venta på medynk, men der var ingi, og på trøystarar, men eg fann ingen.

22 Og dei gav meg gall å eta, og då eg var tyrst, gav dei meg eddik å drikka.

23 Lat bordet deira framfyre deim verta ei snara, og ei gildra for deim når dei er trygge!

24 Lat augo deira dimmast so dei ikkje ser, og lat deira lender alltid skjelva!

25 Renn ut yver deim din vreide, og lat din brennande harm nå deim!

26 Lat deira bustad verta øydd, lat det ingen vera som bur i deira tjeld!

27 For dei forfylgjer den som du hev slege, og dei fortel um pinsla åt deim som du hev gjenomstunge.

28 Lat deim leggja syndeskuld til si syndeskuld, og lat deim ikkje koma til di rettferd!

29 Lat deim verta utstrokne or livsens bok, og ikkje verta innskrivne med dei rettferdige!

30 Men eg er ein arming full av verk, Gud, lat di frelsa berga meg!

31 Eg vil lova Guds namn med song og høglova honom med takksegjing,

32 og det skal tekkjast Herren betre enn ein ung ukse med horn og klauver.

33 Når spaklyndte ser det, vil dei gleda seg; de som søkjer Gud – må dykkar hjarta liva!

34 For Herren høyrer på dei fatige, og sine fangar vanvyrder han ikkje.

35 Himmel og jord skal lova honom, havet og alt som krek i det.

36 For Gud skal frelsa Sion og byggja byarne i Juda, og dei skal bu der og eiga deim. Og avkjømet til hans tenarar skal erva deim, og dei som elskar hans namn, skal bu der.

Continuar Lendo