Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 8

1 Til songmeisteren, etter Gittit; ein salme av David.

2 Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi! du som hev sett din prydnad på himmelen.

3 Av munnen på småborn og sogborn hev du grunnfest ei magt for dine motstandarar skuld, so du kann tagga fienden og den hemngiruge.

4 Når eg ser din himmel, det verk av dine fingrar, månen og stjernorne, som du hev sett i stand,

5 kva er då eit menneskje, at du kjem det i hug, og ein menneskjeson, at du ser til honom!

6 Du gjorde honom lite lægre enn Gud; med herlegdom og æra krynte du honom.

7 Du sette honom til herre yver dei verk dine hender gjorde, allting lagde du under hans føter:

8 Småfe og storfe, alle saman, og jamvel dei ville dyr i marki,

9 fuglen under himmelen og fisken i havet, alt det som fer på havsens stigar. Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi!

Continuar Lendo