Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 92

1 Ein salme, ein song til kviledagen.

2 Det er godt å prisa Herren, og å syngja ditt namn lov, du Høgste,

3 å kunngjera di miskunn um morgonen og din truskap um næterne,

4 med tistrengs-cither og med harpa, med tankefullt spel på cither.

5 For du hev gledt meg, Herre, med ditt verk, og eg vil fegnast yver det dine hender hev gjort.

6 Kor store dine gjerningar er, Herre! Ovdjupe er dine tankar.

7 Ein uvitug mann kjenner ikkje til det, og ein dåre skynar det ikkje.

8 Når dei ugudlege grønkar som gras, og alle illgjerningsmenner blømer, so er det til deira tyning til æveleg tid.

9 Men du, Herre, er høg i all æva.

10 For sjå dine fiendar, Herre – for sjå, dine fiendar skal forgangast, alle illgjerningsmenner vert spreidde.

11 Du lyfter upp mitt horn som hornet til villuksen, frisk olje er rent yver meg.

12 Og mitt auga skal sjå med lyst på mine fiendar, og øyro mine høyra um dei vonde som stend upp imot meg.

13 Den rettferdige skal renna upp som palmetreet, som ceder på Libanon skal han veksa.

14 Dei er planta i Herrens hus og skal grønka i Guds fyregardar.

15 Endå i høg alder skyt dei friske renningar, dei er groande og grønkande til å forkynna at Herren er rettvis, han, mitt berg, og at det ingen urett er i honom.

Continuar Lendo